tirsdag 12. juni 2012

februar 2012

10. februar
Føler for å banke ho akkurat nå. Det er dessutan vondt å gi slepp på internhumor, osv. Men vi kan ikkje vera vennar. Ho er ikkje bra for meg, og ho tek meg ikkje seriøst. Eg vil ikkje vere den som blir 

forlatt igjen, og ho tok han. Eg kan eigentleg aldri tilgje ho, sjølv om eg ikkje er interessert i han lenger.

12. februar:
Gulrot er godt. Eg burde eta meir gulrot. Eg må også gjere leksa mi i dag, men det er mogleg eg er for lat.



13. februar:
Vurderer å skrive ein kommentar på bloggen hennar. Eg saknar ho slik. Men no har eg vel øydelagt alt. Synest det er vondt at ho berre stakk den kvelden.


18. februar:
Prøver så godt eg kan å vere meg sjølv, men strekkjer ikkje til. Prøver å vere nokon andre, men strekkjer ikkje til.

21. februar
Kjære kva som helst slags høgare makt: eg vil spoone. Much.

23. februar:
EG VIL IKKJE DØY. Men eg orkar ikkje dette. Har mista så mykje av den eg var. Ser ingen at eg er fanga i ein kropp som ikkje tilhøyrer meg?! Hugsar ingen meg?! Eg gjer så mykje dumt! Og eg er så einsam.


Men det vart ikkje mi siste månad, likevel, det vart ikkje det! måtte ho aldri kome.
måtte eg slutte å prøve så hardt, legge frå meg alt. nyte tilværet, ikkje streve meg vidare. For eg har det bra, no. Eg er nok trygg.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar